I dag og i går gjekk dagen mykje med i å lære kinesisk, noko som viste seg å være lettare sagt enn gjort! Eit heilt vanvittig vanskelig språk, men veldig spanande å lære. Etter undervisinga reiste eg saman med nokre frå klassen til Det Nye Sumarpalasset, som vart bygd som eit feriehus for ei bortskjemt enkekeiserinne ein gond på 1700-talet. Palasset var eit imponerande syn, dog ikkje heilt det vi vestlege ser på som eit palass - eit enormt, overdådig bygg. I Kina er eit palass store områder med små hus og parkar og kunstige innsjøar, alt vakkert utsmykka og svært kostbart.Det Nye Sumarpalasset har vore forsøkt nedbrendt fleire gongar, men alt som har vore nedbrendt er i dag gjenoppbygd, og mykje er til og med bevart sidan enkekeiserinna s
jølv vandra rundt i palasset.Etter å ha vandra rundt mellom kunstige innsjøar og nydelig utsmygga bygg - og konstantert at der var trøbåtar på innsjøen og, til vår store skuffelse, at vi ikkje kunne bruke dei pga store bølger (haha, da har dei ikkje vore på sunnmøre!) - begav vi oss ut på veg mot hoveddelen av palasset, på toppen
av eit fjell. OK, på toppen av ein haug, men fjelltur-feelingen var på plass! Utsikta fra toppen av fjellet - haugen - var heilt fantastisk; vi kunne sjå heile Sumarpalasset og langt utover Beijing by!Etter ei stund med bileteknipsing og sjåing (samt at eg SJØLVSAGT måtte krype gjennom kvar einaste lissje grotte og fjellhol eg fann) fant vi ut at vi var svoltne og ville vende nasa nedattover. Etter kvart viste det seg at Palasset holdt på å stenge, og samtlige av portane som avgrensa områda var stengde! Til slutt fann eg ut at vi kunne krype gjennom ei grotte som eg fann, og VIPS så var vi nede! Det er ikkje alltid så dumt med litt eventyrlyst, hehe :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar