Konniciwa!Oida, så langt har visst dette blitt ein ganske så miserabel reiseblogg gitt... Eg hadde store planar om utfyllande skriving i går kveld, men det slo dessverre feil, av grunnar eg seinare skal koma tilbake til...
I går hadde vi vår første skikkelige dag i Japan, i byen Kobe, som tydar «Gudeporten.» Ikkje verst berre det når ein går på kristen privatskule lissom... I går var det søndag, og det var ein fin og varm dag. Da var det berre å ta fram solbrillene og smile mot sola! Den morgonen gjekk vi i omlag 20 minutt, til det lokale jordskjelvmuseet. Vi fe
kk fortalt at store delar av byen vart jamna med jorda i 1995, då eit kraftig jordskjelv (måla 7.3 på ein skala som eg ikkje greier å skrive namnet på, så eg droppar den biten) råka byen. Her fekk vi sjå filmar som viste terroren, og eg kan nok trygt seie at fleire av oss kjente seg litt skjelvne ved tanken på at slike ting kan skje medan vi er her... Etterpå gjekk vi til ein lokal elektronikkbutikk, noko som var ei oppleving i seg sjølv! Der var det fleire etasjar, hylle på hylle, med dippeduttar i alle slags formar og fargar. Alt frå dansande robot-hundar til knæsj gule mobiltelefonar kunne ein finne, alt til relativt gode prisar. Eg kjøpte meg ingenting der, men det var gøy berre å sjå. Etterpå tok vi ein snartur tlbakle til hotellet for å skifte litt, før turen bar til den lokale bykjerna, med tilhøyrande shoppinggater. Og i ein by med 1,5 millionar innbyggarar er ikkje det berre-berre! Der var det kilometer på kilometer med handlegater, alle under tak, som solgte alt ein måtte ønske seg. Dum som eg var (eller kanskje smart?) så hadde eg lagt att alle pengane mine på
hotellet, så eg må innrømme at det vart ei billig affære for min del! Men eg sitt med ytterst reelle planar om å gå tilbake og kjøpe eit par sko som eg har sett meg ut, turkise Manolo Blahnik-etterlikningar med ein prislapp på rundt 100 norske kroner. Det vil seie om eg finne nokon som passar, for med min skostørrelse på 40 er eg jo reinaste bigfoot'en her i Japan! Ut på kvelden hadde vi infomøte og heile klassen var samla i etesalen. Eg må nok sannferdig vedgå at eg fekk med meg lite av det møte, då eg satt og halvsov under heile møtet.. Ein vert sliten av shopping i Japan, særlig kombinert med minimalt med søvn! Midt under møtet kjente eg meg så vanvittig kvalm, og stavra meg ut frå etesalen og inn i heisa. Nesten vel oppe på rommet besvimte eg utanfor døra, og det er dessverre den sanne fortelljinga om kvifor eg ikkje skreiv noko i går...I dag var vi tidlig på'n, og destinasjonen var den kunstige øya Rokko Island utanfor Kobe. Vi tok toget ut dit, og besøkte eit senter for japansk kultur. Nokon av oss vart oppkledd i kimono (ikkje meg, dessverre, fordi eg var for høg..), og vi fekk være med på tradisjonell tesermoni og prøvd oss på kaligrafi. Og så, for å toppe heile «typisk japansk»-opplevelsen gjekk vi etterpå til ein sushi-restaurant for å ete lunsj. Eg skal vedgå at det slett ikkje var så ille som eg hadde trudd, men eg reknar ikkje med at det vert laurdagskos med det første.. På veg ut fra restauranten kjente eg at det byrja å svimle for meg igjen, så medan resten av klassa besøkte eit lokalt bryllupskapell måtte eg sitte på ein stol med hovudet mellom knea. Veldig artig. Så no er resten av klassa på fjelltur medan eg er tilbake på hotellet og knaskar karamelliserte popcorn og syns synd i meg sjølv.. Til kvelden er det duka for bowling og karaoke, så DET trur eg vert stilig!
Så inntil vidare: Arigato, og venleik og hugleik frå Japan!
Dagens japanske gloser:
Moshi-moshi - Hei
Konnichiwa - God ettermiddag
Arigato - Takk
Sayonara - Ha det bra
Hajimemashite - Hyggelig å møte deg
- her er eit lite utvalg av bileter som eg tok i går, men ettersom eg ikkje finn kamera-USB'en så får resten av bileta vente på seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar