onsdag 11. mars 2009

Hiroshima og hurtigtog

I dag gjekk vi fra hotellet så tidlig som 08:15, med destinasjon Hiroshima. Vi fekk utdelt dyyre togbilletter til Shinkansen Superexpress, som har ein toppfart på rundt 300 km/t. Vi bevega oss dei 40 mila fra Kobe til Hiroshima på imponerande ein og ein halv time! (Til samanlikning vil ein i bil bruke omtrent 6 timar i bil fra Volda til Bergen, og det er berre 31 mil)
Eg hadde på førehand danna meg det inntrykket at Hiroshima var ein bomberuin framleis, men det var godt og vel gjennoppbygd med shoppinggater og meire til. Vi fekk sjå den berømte Atomic Bomb Dome, som er den einaste bygninga som framleis står att sidan bomba jevna nesten heile byen Hiroshima med jorda 6. august 1945. Det er vanskeleg å fatte at over 118'000 menneske vart drept innen ein 8 km radius nettopp der vi stod. Vi besøkte Peace Memorial Park, som er eit minnesmuseum etter atombomba. Museet var ei endelaus flodbølge av inntrykk, og alt var ikkje like lett å ta inn over seg. Vi brukte ganske mange timar i Memorial Park, og så gjekk vi litt rundt i byen før vi tok Shinkansen tilbake til byen. Det vart ein lang, og inntrykksmessig sterk, dag, og no sitt eg på hotellrommet og kjenner meg fysisk og psykisk utslitt. Eg merkar at senga freisar mykje, på trass av at klokka ikkje er meir enn 22 enno.
I morgon skal vi besøke keisar-byen Kyoto, den tidlegare hovedstaden i Japan. Også dit skal vi ta hurtigtoget, og vi har fått fortalt at Kyoto er ein svært spesiell by, så det vert nok spanande!

Dagens japansk-lesson:

Watashi wa Nihon-go ga dekimasen

Betyr: Jeg fatter ikke et ord av hva du sier, så japansken kommer nok ikke langt her."
Eller streng tatt "I don't speak japanese"... En særs velbrukt setning, dessverre... hihi

God natt fra meg i Kobe, og SAYONARA :)

2 kommentarer:

  1. No he ej skjønt koffer japanere nikker og bokker heile tida,når dei snakke! språket!! Prøvde meg på glosene,slo kløll på tunga,og tok meg sjølv i-ja,nettopp-ej bokka og nikka!!! ;-)

    SvarSlett
  2. haha ja det e voldsomt med bukking og nikking her, nesten redd for at ej skal komme heim til norge og bukke og seie "domò arigato" i butikken! :D

    SvarSlett